Telegraph Road av Dire Straits

Telegraph Road
Song av Dire Straits
frå albumet 'Love over Gold'
Utgjeve 1982
Innspelt 1982
Sjanger Progressiv rock
Lengd 14:18
Selskap Vertigo
Komponist Mark Knopfler
Tekstforfattar Mark Knopfler
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent Mark Knopfler

But just believe in me baby, and I'll take you away
From of this darkness and into the day
From these rivers of headlights, these rivers of rain
From the anger that lives on the streets with these names
'Cause I've run every red light on memory lane
I've seen desperation explode into flames
And I don't wanna see it again
From all of these signs sayin', 'Sorry but we're closed'
All the way
Down the telegraph road.

Mark Knopfler (1982)

«Telegraph Road» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits og skriven av Mark Knopfler. Han finst på albumet Love over Gold frå 1982. Med ei lengd på over 14 minuttar vert han sjeldan spelt på radio, men har likevel vore høgt akta i løpet av åra.

Han vart først spelt på konsert under opningskonserten av den australske delen av Making Movies-turneen deira (Perth Entertainment Centre, 22. mars 1981) som ekstranummer. Songen har sidan vore fast på Dire Straits-konsertar og mange Mark Knopfler-konsertar, og er ein stor favoritt hos fansen.[1][2]

Bandet spelte ein litt kortare versjon av songen for konsertalbumet Alchemy: Dire Straits Live frå 1984 og ein remiksa versjon av denne framføringa finst på samlealbumet Money for Nothing frå 1988. Den originale studioversjonen finst som første spor på The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations.

  1. http://www.setlist.fm/stats/songs/dire-straits-4bd67bce.html?song=Telegraph+Road&artist=3bd630cc
  2. http://www.setlist.fm/stats/songs/dire-straits-4bd67bce.html?song=Telegraph+Road&artist=4bd67bce

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy